Årshjul for tildeling 2026
Oversikt over frister for søking av tilskott i Sogn og Fjordane Røde Kors 2026.
Her finn du ei oversikt over alle fristar for søknader, tildelingar og refusjonar i 2026. Årshjulet gjeld ordningane via Røde Kors’ søknadsportal og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane sine faste søknadsrundar. Bruk årshjulet for å planleggje aktivitetar, investeringar og rapportering gjennom året.
OBS! Tildelingar direkte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har eigne vilkår. Dei har blant anna ein ordning der ein kan søke når som helst på året, med handsamingstid på 4 veker. Ordninga er opp til 50 000 kr. Her kan ein søke om investering i mindre utstyr/prosjekter/tiltak.
Viktige lenkjer:
Søknadsportalen: https://rodekors.service-now.com/snp?id=snpindex
Her er oppskriften på korleis du kan Finne fram i søknadsportalen
15. februar:
Lokale ledd skal no ha fått svar på sine søknader i søknadsportalen om nasjonale midlar (som hadde frist 1. oktober i 2025).
17. februar:
Frist å søke tilskott til sommaraktivitetar for barn og unge i søknadsportalen. Aktiviteten må skje i tidsrommet 1. juni til 31. august.
1. mars:
Søknad om tilskott til utstyr og større investering (runde 1):
Frist 1. mars på www.sparebankstiftinga.no (Her kan ein søke om ganske store beløp, så lenge ein sjølv kan stille med minst 50% eigenfinansiering/anna finansiering). Til dømes fekk eit lokalt ledd 750 000 kr i 2025 for rehabilitering av Røde Kors-huset sitt. Treng de ny bil? Snøscooter? ATV? Hugs å søke.
1. april:
Søknad om tilskott til lokale aktivitetar, innan barn, unge, eldre og migrasjonstiltak: Send søknad via Røde Kors’ søknadsportal
15. mai:
Lokale ledd skal no ha fått svar på sine søknader i søknadsportalen som hadde frist 1. april 2026
15. august:
Søknadsskjema for nasjonale midlar 2027 vert opna i Søknadsportalen.
1. september:
Søknad om tilskott til utstyr og større investering:
Frist 1. september på https://www.sparebankstiftinga.no (Her kan ein søke om ganske store beløp, så lenge ein sjølv kan stille med minst 50% eigenfinansiering/anna finansiering).
15. september:
Frist for å søke tilskott til julegleder for barn. (OBS! fristen kan endre seg)
1. oktober:
Frist for å søke nasjonale tilskott via Søknadsportalen for aktivitet i 2027.
15. oktober:
Send refusjonskrav med bilag til tildeling.sf@redcross.no for pengar brukt hittil.
Refusjonskravet(e-posten) skal innehelde:
· Liste over alle bilaga/kvittering med beløp. Bruk gjerne denne malen: word eller excel.
· Totalsum på refusjonskravet.
OBS! HJELPEKORPS: Støtte til hjelpekorps og etablering av nye 2026 – Endeleg frist for å sende inn refusjonskrav. Om de mangla finansering til det de har søkt om, kan de søke om utsetting på tildeling.sf@redcross.no. Søknaden må innehalde ein finanseringsplan.
15. desember:
Frist for å sende refusjonskrav for tilskott brukt f.o.m. oktober t.o.m. desember.
Unntak gjeld for aktivitet som det går fram av søknaden vert gjennomført berre i desember. Dersom lokalforeininga ventar på faktura som skal vere del av refusjonsgrunnlaget, men som vil kome seinare enn 15. desember, skal lokalforeininga opplyse distriktskontoret om dette i god tid før fristen.
Tilskott som er tildelt lokalforeininga som de ikkje har sendt inn refusjonskrav på, eller som de ikkje har informert om status på innan 15. desember, vil bli omdisponert.
15. januar 2027:
Absolutt siste frist for å sende skriftleg rapport i Søknadsportalen om kva som er gjennomført. Rapportskjema i portalen vert opna straks du har akseptert vilkåra for tilskotet. Ved manglande rapport kan distriktet be om tilbakebetaling av utbetalt tilskot (krav frå Norges Røde Kors).
*Nasjonale midlar er pengar vi får via Norges Røde Kors. Aktivitetar som blir støtta av denne ordninga vil ikkje bli prioritert i ordninga vi har 1. april med midlar frå Sparebankstiftinga og andre donorar.