Kannesteinen i bygda Oppedal på vestsida av Vågsøy. Vis bildetekst
Kannesteinen i bygda Oppedal på vestsida av Vågsøy.

Vågsøy Røde Kors

I 75 år har Vågsøy Røde Kors, og våre frivillige, stilt opp for å hjelpe til i lokalsamfunnet. Det tenker me å halde fram med, og då treng me fleire frivillige.

Adresse
Postboks 78, 6701 MÅLØY
Telefon
99113471
E-post
vaagsoy@rodekors.org
Leder
Annette Myre
Nestleder
Elin Rønhovde
dør (3)
Velkommen skal du vere. Foto: Vågsøy Røde Kors.

Vårt mandat

I Vågsøy Røde Kors arbeider me ut frå ynskjet om å  skape eit trygt og godt lokalsamfunn, forebygge og respondere for å redde liv, og gje tilbod om sosial kontakt og støtte til dei som treng det. Vil du vite meir om kva det inneber i praksis? Les om dei ulike aktivitetane våre i menyen under, eller besøk Vågsøy Røde Kors si Facebook-side.

Vil du bli med på laget? Som frivillig i Vågsøy Røde Kors kan du engasjere deg lokalt, og føle på gleda ved å hjelpe andre. Om tidsklemma skulle hindre deg, kan me kanskje freista med eit medlemskap? Som medlem gjer du arbeidet vårt mogleg gjennom di støtte. Eit ordinært medlemskap kostar 300 kroner pr. år, eller 150 kroner om du er under 26 år.

Våre aktivitetar.