Rødekorshytta utleige

Vår tanke med å leige ut Rødekorshytta er at det skal vera eit rimeleg tilbod til andre frivillige lag og organisasjonar, slik at dei kan samlast og ha ein kjekk oppleving.

Hytta vart bygd og drives av frivillige på dugnad, og er ikkje ein kommersielt verksemd. Vi forutsetter at dei som leiger hytta forstår det, og hjelper oss med å ta godt vare på ho. Private fester og fyllekalas ynskjer vi ikkje å leige ut til.

Det er veg til/frå hytta, men det er store begresninger i bruk av vegen fordi vegen er kulturminne (Postvegen), så parkeringa er ved Skihytta. Vegen blir ikkje brøyta om vinteren, men vi kjører spor med snøskuter. Det er utstyr og senger til 25-30 personar (5 doble senger), men ikke puter/dyner, så ta med sovepose. Det står varme på heile tida så hytta er god og varm.

Sjå bilder av hytta her.

Er hytta ledig? Sjekk her.

1. Leigetakar
Leigetakar kan vera alle som ynskjer å leige hytta, men leietakar må vera fylt 25 år og vera ein av brukarane. Det er ikkje nok at ein over 25 år står ansvarleg utan å vera med som brukar av hytta.

Leigetakar som er aktive i Førde Røde Kors og skal bruke hytta til private formål leiger til reduserte prisar – ta kontakt med kontorleiar.

2. Leigeperiodar
Dagleie gjeld frå kl 12.00 til kl 18.00 same dag. Døgnleige gjeld frå kl. 12.00 til kl. 12.00 neste dag. Ynskjer nokon å starte leige av hytta før kl 12.00 og/eller reise etter kl. 18.00 kan det skje utan ekstra leige dersom hytta er ledig. Vekesleige er frå kl 12.00 dag 1 til kl 12.00 dag 8.

Døme:
Ein leigetakar som kjem kl 12.00 og blir til kl 18.00 neste dag betaler for eit døgn og ein dag.
Ein leigetakar som kjem kl 18.00 og blir til kl. 18.00 neste dag betaler for eit døgn og ein dag.

3. Prisar
Ordinære leigeprisane er: kr. 900,- for dagleige
Kr. 1 400,- for døgnleie
Kr. 2 500,- for helg (fredag kl 18.00-søndag kl 16.00)
Kr. 8 200,- for vekesleige

4. Nøkkel og vask
Nøkkelen kan hentast og leverast hos Førde Røde Kors sitt kontor eller hos Sogn og Fjordane RK i 4.etg i Røde Kors bygget. Vask og rydding etter bruk skal leietakar gjera sjølv. Dersom det ikkje er ryddet skikkelig fakturerer vi kr. 600,- pr.time for medgått tid til rydding og vask. Melding om feil og mangler rettast til mobil 907 26 095.

5. Avtale
gjer ein med kontorleiar (57 82 26 66 - 907 80 188)) eller hytteansvarleg paal.dahl@mentor.no.
Sjå elles sjekklista nedanfor.

Sjekkliste for leigetakar av Førde Røde Kors Hjelpekorps (FRK) sin hytte på Langeland. Vennligst fyll ut og send inn.