Besøksvenn med hund Vis bildetekst
Besøksvenn med hund

Besøksvenn med hund

Har du ein hund med godt lynne og vil glede nokon? Bli besøksvenner saman!

KURS I HAUST: Sjå kursinformasjon lenger nede på sida.

Besøksvenn med hund er ein av mange Røde Kors-tilbod for personar som treng omsorg og fellesskap. Besøksvener med hund kan gå på besøk på institusjonar som sjukeheimar og omsorgsbustader, heimebesøk eller gå turar saman. Det er behova i lokalsamfunnet og hund og førar sin trivsel som avgjer bruksområde.

Både hund og førar får grundig opplæring for å sikre at både dei som vert vitja, den frivillige og hunden kjenner seg trygge.

Pelseffekten

Samvær med hund har dokumentert positiv helseeffekt. Lågare blodtrykk, mindre stress og inspirasjon til fysisk aktivitet er noko av det ein veit kan vere effektar. I tillegg kjem opplevinga av ro og nærleik og den gode kjensla av å både gi og få omsorg.

Samstundes er hunden eit fantastisk middel for å oppnå nærleik og samtale mellom menneske, både mellom besøksvennen og den som får besøk, og mellom til dømes ein gruppe bebuarar på sjukeheimen. Leik, latter og underhaldning er fine opplevingar ein kan få under eit besøk med hund. Noko av det mest meiningsfulle er når ein får tilbakemeldingar om at pesonar med demens let seg engasjere og får att språk og minne i møte med hundane.

Høyrest dette ut som  noko for deg og hunden din?

Du er:

  • Ein omgjengeleg og utadvendt person som likar menneske.
  • Interessert i å hjelpe andre og har stort hjarterom.

Hunden din er:

  • Roleg, trygg og sosial. Hunden skal kunne trivast på besøk hos framande, på tur, i private heimar eller på institusjon.
  • Frisk og i normalt god form.
  • Minimum 18 månader gamal.

Kurs 

Før du kan ta med hunden på besøk for Røde Kors, må både du og hunden gjennomføre vårt opplæringstilbod. Hausten 2017 har vi planar om to kurs i Sogn og Fjordane. Det fyrste vart gjennomført på Hafslo i september, men du har framleis sjansen til å hive deg med på kurset i Førde 13.–15. oktober. Meir informasjon og påmelding finn du i informasjonsboksen rett under her.

Dersom du er ny i Røde Kors, vil du også få grunnopplæringa alle frivillige går igjennom, med kveldskurs i førstehjelp, psykososial førstehjelp og temakurs omsorg. Er du med?

Om kurshaldar Kathrine Handal

Kurset vert halde av veterinær Kathrine Handal. Ho har 18 års erfaring med smådyrpraksis og spesiell interesse for åtferd. Kathrine driv sin eigen praksis på garden sin i Østfold, der ho òg tilbyr trening, pass og omplassering av hund, i tillegg til diverse hundekurs (språk, passering, sosialisering, miljøtrening, sjølvkontroll, kvalp) og hundeleir for barn i sommarferien.

Kathrine var ein av initiativtakarane til oppstart av Besøksvenn med hund-aktiviteten i Østfold i 2012 og sit no i ressursgruppa for aktiviteten der. Ho er sjølv besøksvenn med hund på sjette året. Som instruktør har ho kursa over 300 besøksekvipasjar rundt omkring i Noreg. Ho har dei siste to åra vore med i Røde Kors si sentrale arbeidsgruppe for å utvikle eit nasjonalt kursopplegg. 

Kathrine brenn for aktiviteten Besøksvenn med hund. Ho er ein engasjert og kunnskapsrik kurshaldar som sit hunden sit vel høgt, og ho gir alle deltakarane på kurs individuell merksemd. 

Eg vil vite meir

Kurs i Førde 13.–15. oktober

 

 

Få meir generell informasjon om aktiviteten på rodekors.no