Når skituren er din første

Vi vil at alle skal få kjenne gleda over å svissje av garde over snøen. Utan å tenkje på kostnader.

- Velkomen til ny dag, håpar de har sove godt og spist god frukost og at de har laga nistepakke, seier Einar Dons Brath til ei gruppe på 13 familiar på Ullsheim i Stryn. Han er aktivitetsleiar ved Nordfjord fritidssenter og prøver å lære gjengen å gå på ski.   

No handlar ikkje denne artikkelen om skiløping, sjølv om det er skiløping den handlar om. Historia du har byrja på, handlar om at alle, trass i alt det krevjande som har skjedd i livet, flukt eller fattigdom, sjukdom eller skilsmisse, at alle skal få lov til å ta seg litt fri og ha det kjekt med sine næraste. Sjølv om det av ein eller fleire grunnar normalt ville vere umogeleg. Det er det vi i Røde Kors kallar "Ferie for alle".

"Borna har no fått vere med på aktivitetar i lag med andre utan at vi treng å tenkje på kostnaden." - Mor

 

Snøen lavar ned, det lavar slik skikkeleg tjukk vintersnø som er vanskeleg å hugse i mai. Den legg seg som bomull og gjer alt stille. Og skia er nypreppa og glatte. Familiane står i ein sirkel rundt Einar og lurer på kva som skal skje no. I går hadde dei hatt nokon skikkeleg kjekke leikar for å bli kjent – ute i snøen, med ski på beina. No hadde dei flytta seg opp til skistadion til skisyttarbrødrene Bø

"Eg og mamma har aldri leika slik i lag som desse dagane det eg kan hugse." - Jente

- Vi skal starte med litt øvingar her først, så skal vi inn og ete og grille pølser i den stua der borte, Årestova.Etter det skal vi ha eit lite skirenn. Så kan dei som vil ake. Viss nokon vil gå ein litt lengre skitur, er det også lov, seier Einar.    

Sogn og Fjordane Røde Kors har arrangert Ferie for alle i 12 år, i hovudsak på Haugland i Fjaler. Tilbodet har vore til familiar som har hatt låg inntekt over tid. Dette er familiar som ikkje har høve til å ha nokon form for ferie som kostar pengar. Då vi starta tilbodet, var det 4,7prosent av barna i fylket som kom frå det Statistisk sentralbyrå definerer som familiar med "vedvarende lav inntekt". Det betyr at dei tener mindre enn 60 prosent av medianinntekta i ein treårsperiode. No har talet passert sju prosentpoeng. Det er ein auke på femti prosent

"Som åleinemor betydde denne turen mykje for meg på alle måtar. No har sonen min noko å fortelje om på skulen." - Mor

- Vi ser behovet, seier Berit Flæthe Arntsen. Som leiar av Røde Kors sine omsorgsaktivitetar på fylkesnivå, er det ho som styrer denne aktiviteten. No har dei bestemt å også gje vintertilbodet årleg. Fram til no har det vorte arrangert annankvart år.  

 - Det er ventelister på aktivitetane våre. Så no utvidar vi vintertilbodet. Det er veldig kjekt for desse som aldri går på ski å komme her og lære seg. Dette gjeld både folk som er fødd norske eller har komt av andre grunnar. Dei har ikkje gått på ski nokon av dei. Mange fortel meg også at dei ikkje har vore på ferie før heller, seier Berit. 

Korleis veit Røde Kors kven som bør få tilbodet? Det er ikkje organisasjonen som vel ut deltakarane. Røde Kors formidlar til dei kommunale omsorgstenestene kven som er målgruppa, og så er det kommunane som har oversikt over kven som har behov, og formidlar tilbodet til desse. Slik kan vi vere trygge på at våre gjester er blant dei som treng det mest.

"Pappa får tid til å vere pappa." - Far

- Er det nokon som har leika på skulen eller andre stader, noko som heiter stiv heks? spør Einar etter ei stund med glidetrening.  
- Ja, ropar ungane i kor. 
- Har de prøvd med ski før? 
- Neiii, ropar ungane i minst like mykje kor.  

Eg vil vite meir om sommartilbodet.

Så plukkar dei ut eit par hekser før dei er i gang. Det å befri nokon som har blitt stiv av ei heks med ski på beina kan vere ganske tøft. Kall det gjerne skileik, kall det gjerne tøys og tull. For mange av deltakarane er dette ei heilt spesiell oppleving. Ei mor som skrik av fryd, ein unge som endeleg, endeleg, får lov å leike stiv heks med pappa og krype under beina hans og befri han. Sjølvaste pappa.  

 

Sogn og Fjordane er blant fylka med færrast låginntektsfamiliar. Det har samanheng med at vårt fylke har relativt få innvandrarar. Det er flyktningar frå Syria, Somalia, Irak, Eritrea og Afghanistan som er øvst på tabellen. I vårt fylke utgjer flyktningane om lag ein tredjedel av låginntekstfamiliane. Av dei som ikkje er flyktningar, er det svært mange åleineforsørgarar.  

Så går skifararane opp på ein liten haug. Her er det brattare. Einar står øvst i bakken og held skistaven rett ut i lufta, som eit hinder, eller ein bom.  
- No må de bøye knea og skli under her! ropar han.
Nokon tek poenget, samlar henda, legg stavane bak over hofta og bøyer seg ned i hockey. Andre bøyer berre overkroppen så dei nesten tippar framover. Uansett, det går fortare no. Smila i botnen av den 30 meter lange bakken er enno større.  
- Bra hockey, ropar Einar, bra hockey! 

Korleis kan eg bli frivillig?

Frivilleg toppserie

Røde Kors sine frivillige ferievertar på Ferie for alle får seg nokre dagar dei aldri gløymer. Dei er med frå gjestene kjem, til dei dreg heim att. Rolla er å vere litt sosialt smørjemidel, ei hjelpande hand og den som ser dei som treng å bli sett. Dei ser korleis gjestene får betre ferdigheiter og humør undervegs.
 
- Det var ei stor oppleving å vere med på denne vinterleiren. Vi såg kor fort ungar med ulik bakgrunn vart venner. Ungar møter andre med opne sinn. Vi har noko å lære her, seier Aud Lunde frå Gaular.

Ho får støtte av "kollega" Inger Johanne Brekke frå Eid.   
- Heilt utruleg. Alle er blide og glade og berre kosar seg. Dei er alt godt samansveisa etter ein halv dag, seier ho.

Aud Lunde har vore frivillig på fleire opphald på Hauland. Dette er første vinterferien ho er med.
- Som frivillig melder eg at det var ei stor glede å få vere med på Røde Kors sin vinterleir. Eg såg kor glade deltakarane var for at dei fekk oppleve dette. Eg vil oppmode om at mange tenkjer over om dei kan ta nokre dagar som frivillige for denne gruppa. Til sommaren blir det mogeleg å vere med tre forskjellige veker på Haugland, seier ho.

 

Barn i nød trenger din hjelp Bli fadder! Lukk x