Fylkesleir Røde Kors Ungdom

Fylkestreff for ungdom

Vi inviterer til ein trygg, inkluderande og meistringsskapande møteplass – Røde Kors fylkestreff for ungdom 13+ på Skilbrei 23.-25. november. Bli med på ei kjempehelg!

 Meld deg på her

På fylkestreffet vil ein møte jamnaldrande frå heile fylket og lære førstehjelp, personleg beredskap og gode humanitære verdiar som korleis gje ei hjelpande hand og bidra til å skape betre liv for andre.

Dette skal bli kjekt og spennande!

Samlingane våre er sosiale og inkluderande. Både deltakarane og arrangørane bidreg med påfunn og aktivitetar. Det er felles måltid i spisesalen. Vi søv på firemannsrom.

Vi håper at fylkestreffet kan bli ein plass for ungdom å lære seg litt om organisasjons- og styrearbeid som dei kan få nytte av i Røde Kors Ungdom, RØFF og anna frivillig arbeid seinare. Slik bidrar vi til framtidas humanitære ressursar.

Målgruppa er ungdom 13+

• Det er vaksne til stades på heile treffet, med vaken nattevakt.
• Vi vil ordne fellestransport frå Førde til Skilbrei.
• Ein treng ikkje vere med i Røde Kors for å delta.

Samlinga er arrangert av Distriktsråd Ungdom i Sogn og Fjordane Røde Kors. Følg oss på Facebook @sfrodekorsUng og få oppdateringar om treffet og andre aktivitetar.

ung_fb_bilde
Røde Kors sitt distriktsråd for ungdom er ansvarleg arrangør. Her saman med president Robert Mood i Norges Røde Kors november 2017.

 

Praktisk informasjon

Kvar: Skilbrei leirsenter. Det ligg ved E39, 15 minuttar sør for Førde.
Transport: Det blir gratis fellestransport klokka 1900 frå Røde Kors-bygget i Førde til Skilbrei.  Røde Kors-bygget er i Langebruvegen 28, ca tre minutt gange frå busstasjonen: forbi hotellet, til venstre i lyskrysset, forbi Mega. Dei som kjem til Førde før klokka 19, kan komme opp i 4. etasje på Røde Kors-bygget og henge.
Transport retur: vi fraktar deltakarane til Rutebilstasjonen i Førde.
Overnatting: På rom, 2–5 senger på kvart rom.
Pris: Arrangementet er gratis.
Tryggleik: Det er vaksne leiarar til stades på heile treffet, med vaken nattevakt.

Program

Fredag
19:00 Felles transport frå Røde Kors-bygget i Førde til Skilbrei
20:00 Middag
21:00 Bli kjent med kvarandre og Røde Kors
Introduksjon til lagkonkurransen (mange spennande og kjekke oppgåver som minesveipar, ball i bøtte m.m. + ei framsyning til slutt på laurdagskvelden)

Laurdag
• Parallelle kurs i førstehjelp og psykososial førstehjelp
• Første del av lagkonkurransen ute
• Grilling og friluftslivsaktivitet
• Markørsminking (som normalt brukast i katastrofeøving)
• Kostymefest på kvelden med sminka og framsying av lagkonkurransen

Søndag
• Speeddate med dei forskjellige Røde Kors-aktivitetane
• Rydding og avreise frå 12-14, transport til busstasjonen i Førde.

Treng du meir informasjon?

Kontakt tilretteleggar Thor Erlend Mehammer ved Sogn og Fjordane Røde Kors
90 68 23 81
thor.hemhammer@redcross.no

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler