Stryn Røde Kors
Vil du engasjera deg lokalt? Ønskjer du ei aktiv fritid? Vil du utgjere ein forskjell? Stryn Røde Kors tilbyr ei rekke aktivitetar i nærmiljøet, og me vil gjerne ha deg med på laget.
Vårt mandat
I Stryn Røde Kors arbeider me med mål om å forebygge og respondere for å redde liv, skape eit trygt lokalsamfunn, og gje tilbod om sosial kontakt og støtte til dei som treng det. Vil du vite meir om kva det inneber i praksis? Les om dei ulike aktivitetane våre i menyen under, eller besøk Stryn Røde Kors si Facebook-side.
Kunne du tenke deg å bli frivillig i Stryn Røde Kors?
Frivilligheit har ikkje berre ein positiv effekt på omgivnadene. Frivillige er beviseleg lykkelegare enn andre. I Stryn Røde Kors vert du del av eit levande og aktivt miljø, samstundes som du får føle på gleda ved å hjelpe andre.
Ikkje tid, seier du? Kva med å bli medlem i Stryn Røde Kors, og på den måten mogleggjere vårt arbeid gjennom di støtte? Eit ordnært medlemskap kostar 300 kroner pr. år, eller 150 kroner for deg under 26 år.