Ferie for alle i Sogn og Fjordane
Alle skal få mogelegheit til å ta nokre dagar fri og ha det kjekt saman med andre. Velkomen til Ferie for alle!
I sommarferien og vinterferien arrangerer Sogn og Fjordane Røde Kors "Ferie for alle". Røde Kors ynskjer at flest mogeleg barn skal oppleve å få den gode feriekjensla. Ferieleiarane er eit gratis tilbod til barnefamiliar som ikkje har ressursar til å reise på ferie eller har anna tilsvarande tilbod om ferie.
Les meir om tilboda ved å trykke på plussteikna nedanfor. Meir informasjon til frivillige og til påmeldarar finn du lenger nede.
Bli frivillig på Ferie for alle
Som frivillig på våre ferietilbod er du engasjert i lag med andre med å legge til rette for ei god og etterlengta oppleving for våre feriefamiliar. Du er med på leik, aktivitetar, utflukter, festlegheiter - ja, det ein god ferie har å by på. Les meir under Informasjon til frivillige eller trykk på knappen under for å melde di interesse.
Eg vil bli frivillig på ferieleir!
Ein aktiv ferie for heile familien
For Røde Kors er det viktig at heile familien reiser på ferie saman, for å dele gode opplevingar og å skape felles minner. For å kunne delta må minst eit barn i familien vere i alderen 6 til 13 år. Store delar av ferieleiren foregår utandørs uansett vêr og årstid. Både barn og vaksne er med på mange varierte aktiviteter som kanopadling, tubekøyring, symjing og fisking. På vinterleiren er det ski, aking, grilling og meir.
Familien kan ikkje melde på seg sjølv. Ta kontakt med din kontaktperson i det lokale hjelpeapparatet og høyr om din familie fell under kriteria som er satt for å kunne delta. Det kan være til dømes NAV, barnevern, helsestasjon, flyktningetenesta. I så fall kan kontaktpersonen melde dykk på.
Meir informasjon om "Ferie for alle" kan du finne her: https://www.rodekors.no/tilbudene/ferie-for-alle/
Spørsmål? Kontakt våre medarbeidarar på distriktskontoret!
For spørsmål om påmelding eller transport ta kontakt med Irene.
- Irene Grøneng
- Jobbar med ulike administrative oppgåver og Ferie for alle.
- E-post
- irene.groneng@redcross.no
- Mobil
- 953 00 131
Ynskjer du å vere frivillig kontakt Rune om du har spørsmål.
- Rune Rajendram
- Tilretteleggar rekruttering og medlemspleie. Prosjektleiar Kveik, leiarsamling og distriktsårsmøte.
- E-post
- rune.rajendram@redcross.no
- Mobil
- 924 26 255
Er du frivillig og har spørsmål knytt til opplæring eller anna, kontakt Martine.
- Martine Viken
- Tiletteleggar for opplæring og oppfølging av frivillige. Ansvar for Henry turnéen og Ettersamtale.
- E-post
- martine.viken@redcross.no
- Mobil
- 971 39 640