Gruppe på fjelltopp Vis bildetekst
Ei stor gruppe nådde toppen av Svinestranda i nydeleg sommarvêr.

Til topps

Vi inviterer "heile verda" med på fjelltur.

Til topps er eit arrangement der målet er å bli integrert gjennom å oppleve meistring i norsk natur.

Målgruppa for arrangementet er immigrantar i Sogn og Fjordane, det vil seie både asylsøkjarar, flyktningar og arbeidsinnvandrarar. Det er ingen nedre aldersgrense, men ein bør være minimum 5 år for å klare å gå ein av turløypene på eigehand.

Vil du vere deltakar, frivillig lagleiar eller få med deg deltakarar frå ditt lokalmiljø? Kontakt di lokalforeining eller distriktskontoret.

Sjå videoen frå Til topps i 2023. Toppturen gjekk då frå Trivselsskogen til toppen av Svinestranda. Det var også lagt opp til ein tur for familiar gjennom Trivselsskogen. 

Frivillige lagleiarar

Deltakarar på turen blir delt opp i lag med fire deltakarar og ein lagleiar. Lagleiarne er frivillige med erfaring med å gå i fjellet. Dei skal vere motivatorar og sikre at deltakarne føler seg ivaretekne og trygge, og har har det dei treng av utstyr, mat og drikke. Lagleiaren syt for at deltakarane får informasjonen dei treng og er budde til turen.

På familierunden skal også frivillige bli med deltakerne, men det stilles mindre krav til tal deltakarar per lagleiar.

Oppgåvene til lagleiar:

  • Registrerer laget i sekretariat før avgang.
  • Halde turlaget samla under turen. 
  • Passe på at ingen i turlaget vert sende aleine ned til startpunktet dersom dei ikkje orkar å fullføre turen.
  • At turdeltakarar med hjarte-/lungesjukdommar, epilepsi eller sukkersjuke (diabetes) har med naudsynte medisinar. 
  • At alle deltakarane tek omsyn til naturen, og tek med boss attende. 
  • Registrere laget i sekretariat ved retur.  
Kvinne sitter på benk ute.
Grethe Fisher er mangeårig turleiar i Sogndal Røde Kors.

Påmelding og organisering

Kvar lokalforeining/lokale turgruppe må ha ein hovudansvarleg for alle sine deltakarar – ein gruppeleiar. Gruppeleiar har ansvar for å melde på deltakarane/laga frå sitt lokalsamfunn, og er bindeledd til arrangøren Sogn og Fjordane Røde Kors. Gruppeleiar har ansvar for at alle frivillige lagleiarar er budde til turen og held sitt turlag informert. 

Informasjon om Til topps 2024 kjem når det nærmar seg. Til topps brukar å vere arrangert i midten av juni.  

Pris

Det er ein eigenandel på 200 kroner for deltakarar over 18 år, medan frivillige og born går gratis. Dette dekker:

  • Reise frå sentrale utfartsårer i fylket laurdag morgon med eigne turbussar.
  • Middagsservering (grillmat) etter fjellturen laurdag ettermiddag.
  • Heimreise med turbussar laurdag kveld.

Reise og mat

 

Sogn og Fjordane Røde Kors leiger inn turbussar som skal frakte deltakarane til og frå. Informasjon om avreisestader og tidspunkt kjem. 

OBS: Deltakarane må ha med seg mat og godt med drikke til turen. 

Lokale øvings-turar

Det er ynskjeleg at alle som skal vere med på Til topps har vore med å gå tur med gruppa si i forkant. På denne måten kan ein òg lettare avklare om deltakarane har god nok informasjon om turen og kva utstyr dei treng for å kunne gjennomføre ein slik tur.

Om ein ynskjer å arrangere lokale turar er det mange moglege samarbeidspartnarar lokalt (DNT, 4H, Norges jeger- og fiskeforbund, idrettslag, frivilligsentralen m.v.). Distriktskontoret har nokre midlar til disposisjon ved behov.

For meir informasjon om Til topps eller hjelp til å starte opp lokale turgrupper i forkant, ta kontakt med tilretteleggar ved distriktskontoret jon.langeland.thomsen@redcross.no, tlf. 482 48 184.

Filmar frå tidlegare Til Topps-turar: