Steg 1: Påmeldar opprettar dialog med familiar som er i målgruppa som innfrir opptak og som vert vurdert at kan ha behov for eit gratis ferieopphald. I samtale med familien, vert det avgjort om familien ønsker å søke plass på ferieleir.
Steg 2: Påmeldar opprettar søknad på vegner av familien i søknadsportalen. For å kunne sende inn søknad, må følgjande opplysningar om familien registrerast:
- namn, alder og kjønn på alle i familien som vil delta
- adresse, e-post og telefonnr. til éin føresett
- kva ferieopphald som er aktuelle å delta på
- om familien har deltatt før, eller har søkt og fått avslag tidlegare
- om nokon i familien har behov for tilrettelegging grunna fysiske, psykiske eller andre utfordringar
- om familien skal ha med assistent eller tolk under opphaldet
- om minst éin føresett som skal delta kan snakke og forstå norsk
- om familien gjev løyve til at Røde Kors kan ta kontakt dersom det skulle dukke opp andre relevante tilbod
Dersom påmeldar vil søke på vegner av familiar som er busette på skjult adresse eller skal ha skjult identitet, kan ein legge til deltakarar utan fullt namn og kontaktopplysningar. Påmeldar kan registrere søknad og vert kontakta for nærare avklaringar.
Røde Kors har strenge reglar for å ivareta familiane sine personopplysningar, og alle frivillige som er med på Ferie for alle er underlagt teieplikt. Sjå personvernerklæring for nærare skildring av handsaming av persondata.
Påmeldar får stadfesta til oppgjeven e-postadresse at søknad er sendt inn.
Steg 3: Sogn og Fjordane Røde Kors går igjennom mottekne søknader og vurderer i kva grad familiane innfrir inntakskriteria og har rett til plass.
Kvalifiserte søkarar vert vekta på grunnlag av interesseavveging for å sikre variert deltaking og m.a. at familiar som ikkje har deltatt tidlegare vert prioritert. Ved behov for ytterlegare opplysningar om familiane eller søknaden, vert påmeldar kontakta.
Steg 4: Påmeldar får beskjed om kven som har fått tildelt plass i første inntaksrunde. Familiar som ikkje får plass i første omgang, vert sett på venteliste.
Påmeldar kontaktar familiar som har fått plass og får stadfesta om familiar ønskjer å takke ja til tildelt leiropphald. Påmeldar registrerer svar i søknadsportalen.
Steg 5: Sogn og Fjordane Røde Kors går igjennom mottekne svar fortløpande. Ved ledige plassar, vert det sendt ut tilbod til familiar på venteliste.
Steg 6: Påmeldar får beskjed om kven som har fått tildelt plass i andre inntaksrunde. Påmeldar kontaktar familiar og får stadfesta om familiar ønskjer å takke ja til tildelt leiropphald. Påmeldar registrerer svar i søknadsportalen.
Steg 7: Sogn og Fjordane Røde Kors går igjennom mottekne svar fortløpande på andre inntaksrunde. Om det framleis er ledige plassar, vert det ny runde med tildeling av restplassar, og påmeldar vert kontakta for vidare oppfølging.
Når alle plassane er fylt opp, vert det sendt ut avslag til familiar som ikkje får plass på leiropphaldet. Ved avmeldingar rett før leirstart, vert det vurdert om ledige plassar skal tilbydast som restplass.
Steg 8: Påmeldar og familiar som har fått tildelt plass får tilsendt informasjon om leiropphaldet. Det er viktig at påmeldar går igjennom informasjonen saman med familiane. Påmeldar vert beden om å eventuelt innhente svar frå familiane ang. matomsyn, allergiar, språkkompetanse, transportbehov og andre nødvendige opplysningar.
Steg 9: Før leiren, får familiane opplyst pakkeliste og informasjon om bussavgang om dei har meldt inn transportbehov.
Steg 10: Etter leiren er det viktig for oss å få tilbakemelding dersom det er noko som vert opplevd utfordrande eller dersom de fangar opp noko frå familiar som har deltatt som kan vere nyttig for oss som tilbydar å kjenne til.