232210_Kveik-17 toppbilete

Det finst reglar i krig

Er det lov å angripe ein skule? Skal vi pleie fienden sine såra soldatar? Våre frivillige har prøvd Angrip! 2.0, eit undervisningsopplegg om krigen sin folkerett.

- Skal vi angripe skulen? spør Harald Kvame Hansen.
- Nei, det er vel riktig å spare skulebarna, svarar Berit Flæthe Arntsen.

Sjå for deg at du er soldat og byen din er kapra. Du skal beskytte byen, men skal også følgje reglar i krig.

Ei gruppe Røde Kors-frivillige prøver ut læringsspelet og undervisningsopplegget Angrip! 2.0 på frivilligsamlinga Kveik. Framfor seg har dei noko som ser ut som eit hefte med informasjon, men når dei held telefonane over heftet openberar det seg ein by.

Angrip! 2.0 er eit interaktivt spelbasert læremiddel som utfordrar til å ta etiske og militærstrategiske val med bakgrunn i krigen sin folkerett. På den måten får deltakarane kunnskap om reglane i krig og nyttar dei som utgangspunkt for diskusjon. 

Telefon holdt over eit svart hefte. På telefonen syner ein by.
Angrip! 2.0 er eit interaktivt læremiddel som foregår samtidig både i klasserommet og i ein app. I klasserommet foregår diskusjonar og i appen får ein ulike dilemma.

Reglar for å skjerme sivile

Byen Warcity i landet Eastwest er omringa av styrkar frå nabolandet. Barneskulen i byen er teke over og vert nytta som opphaldsstad og base for fienden. Skuleungane er ikkje tekne til fange, dei er på skulen og får undervisning som vanleg.

Det er fire hovudprinsipp i internasjonal humanitærrett (IHR): humanitet, distinksjon, proporsjonalitet og militær nødvendigheit. Internasjonal humanitær rett, også kalla krigen sin folkerett, handlar om å ta val som tek vare på eit minimum av menneskeverd for dei som er ramma av krig og konflikt. Hovudpoenget med reglane er å skjerme sivile.

Berit og Harald og dei andre spel-deltakarane må ta omsyn til prinsippa distinksjon og proporsjonalitet når dei skal vurdere om dei skal angripe skulen. Distinksjon handlar om å skilje mellom militære og sivile mål og personar, medan proporsjonalitet handlar om å vurdere moglege sivile skader opp mot militær fordel.

Vidare i spelet får deltakarane ei ordre frå obersten - skulen skal angripast. No gjeld det å gjere det dei kan for å skjerme skulebarna og dei andre sivile.

osjf
Spelet engasjerar deltakarane. Asbjørg Rebni (t.h), Berit Flæthe Arntsen og Harald Kvame Hansen set seg inn i reglar og prinsipp før dei avgjer om dei skal ta seg inn i skulen.

Aktuell kunnskap

Det er lett å få inntrykk av at krig er anarki, men slik skal det altså ikkje vere. Genèvekonvensjonane, som alle verda sine statar er einige om, gjev føringar og reglar for kva som er lov og ikkje lov når ein krig først har brote ut. Reglane vert oftast følgt, sjølv om vi ser døme på det motsette i media.

Hedda Andrine Skår Indrebø er instruktør i Sogn og Fjordane Røde Kors og er den som leiar deltakarane gjennom undervisningsopplegget og spelet Angrip! 2.0. I desse tider er temaet diverre ekstra aktuelt.

- Det er viktig at ein har denne kunnskapen når ein les avisene, seier Hedda.

Hedda har også køyrd undervisningsopplegget for vidaregåande elevar, som tykte det var spanande og lærerikt.

- Dei måtte trene på å sjå på konflikt med litt andre auger, ikkje som ein norsk ungdom. Dei levde seg inn i det og var engasjerte. Det viktigaste er diskusjonen i etterkant, seier Hedda.

Med spelet fyljer ei lærarrettleiing, som er veldig god og utfyllande. Ein kan som lærar bestille spelet på gratis hos subjectaid.no, eller ein kan ta kontakt for å få ein instruktør frå Røde Kors til å komme til skulen for å køyre undervisningsopplegget.

Smilande jente i røde kors t-skjorte held spelet Angrip.
Hedda Andrine Skår Indrebø er tykkjer det er fint å ha eit undervisningsopplegg som er gjevande og engasjerande.

Vanskelege dilemma

Berit, Harald og dei andre Røde Kors-frivillige har bestemt seg for å angripe skulen til fots for å avgrense skade på skulebygget og dei sivile. På veg inn i skulebygget kjem fienden i mot dei og dei må tenke raskt og ta ei vanskeleg avgjersle. 

- Det var sekundar du hadde på deg, for å sjå at det var barn og at dei var væpna, fortel Harald.

Kva er då riktig å gjere? Er det greit å skyte barnesoldatar?

- Eg ville jo ikkje skyte desse barnesoldatane, så då vart eg drepen av dei, fortel Berit.

Det er, uansett kor forferdeleg det må virke, lov å opne eld mot barnesoldatar. Dersom barnesoldatar var ulovlege mål ville fleire barn vorte verva og brukt som levande skjold. Det må understrekast at det ikkje er lov å bruke barnesoldatar i krig, men det er altså lov å skyte dei om dei er med i eit angrep.

To Røde Kors frivillige spelar læringsspelet Angrip! 2.0
- De har også angripe ein skule i dag, seier Hedda til deltakarane i diskusjonen i etterkant. Spelet bidreg til refleksjon kring vanskelege tema som er særskilt aktuelle i dag. Gerd Kvile og Harald Kvame Hansen og dei andre deltakarane har i spelet teke dei forhandsreglane dei kan for å skjerme sivile.

Reglane i krig set grenser for korleis krigar utkjempast, og dei er laga for å skjerme dei som ikkje krigar eller ikkje lenger er i stand til å krige. Reglane set eit skilje mellom kven og kva som kan angripast, og kva som ikkje kan angripast.

Som frivillig i Røde Kors i Sogn og Fjordane treng ein ikkje ta stilling til slike vanskelege dilemma i kvardagen, men som ein del av den store Røde Kors-rørsla, er ein både talsperson for og vaktar av internasjonal humanitær rett. 

- Det er viktig at vi kan desse reglane, om vi ikkje nyttar kunnskapen i vårt daglege virke, så er det likevel viktig å kunne, seier Berit.

Les meir om reglar i krig her.

Angrip! 2.0 til din skule?

Bestill spelet Angrip! 2.0 til din skule gratis på subjectaid.no

Ynskjer du at ein instruktør til å komme til din skule for å gjennomføre undervisningsopplegget. Ta kontakt med Martine Viken. 

 

2303_Martine Viken_mindre
Martine Viken
Tiletteleggar for opplæring og oppfølging av frivillige. Ansvar for Henry turnéen.
E-post
martine.viken@redcross.no
Mobil
971 39 640