Aktivt val - seksualopplysing

Røde Kors seksualopplysing

Få besøk av Røde Kors seksualopplysarar i ungdomsskule- eller vidaregåande klassar.

Gjennom Aktivt val vil Røde Kors gje ungdom relevant kunnskap som kan gje gode haldningar, sunne ideal og betre tryggleik når dei sjølv skal debutere seksuelt. Vi ønskjer ein ungdom som er trygg på eigen seksualitet, og slik også ha betre kontroll på eiga seksuelle helse.

Våre seksualopplysarar gjennomfører eit deltakande opplegg over 90 minutt i klassane. Vi nyttar ung-til-ung-prinsippet, då ungdom sin undervisningspreferanse for temaet er å bli undervist av eldre ungdomar.

Aktivt val held kondomtrening. Elevane prøver ut å kvalitetssikre og tre ein kondom på ein øvingsdildo.

Les reportasje frå Aktivt val

Programmet vert gjennomført i veke 21 og 22.  Aktivt val er i samarbeid med sjukepleiarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet, avdeling Førde. Seksualopplysarane er studentar som gjennomfører sin studentpraksis.

 

Vår metodikk

Om instruktørane

Bakgrunn Aktivt val

Praktisk informasjon

Bestill Aktivt val