Årsmøtet i Førde 2017

Velkomen på årsmøte i Balestrand!

Vi ønskjer alle delegatar, observatørar og gjester velkomne til å sette Røde Kors-kursen for 2018 i Balestrand 6.-8. april!

 

Årsmøtet i Førde 2017

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Sogn og Fjordane Røde Kors 2018. Årsmøtehelga vert halde på Kviknes hotell i Balestrand 6. til 8. april. Arrangementet byrjar med eit uformelt opningsprogram fredag kveld. Laurdag før lunsj vert det valmøter for distriktsråd omsorg og hjelpekorps, og eigne møter for ungdommen og lokalforeiningane. Deretter følgjer sjølve årsmøtet fram til sundag ettermiddag. Set av datoen!

Kvart lokalråd kan delta med både leiar og nestleiar (to delegatar) i dei respektive valmøta til distriktsråda. I årsmøtet kan lokalforeiningane vere representert med inntil fire delegatar; ein frå lokalforeininga og ein frå kvart lokalråd. Lokale ledd kan ha med observatørar til alle møte. Les "Bestemmelser for valg" (pdf).

Lenke til påmelding, prisar, program og dagsorden kjem her straks det er klart. Det vil bli opplyst om det i vårt interne nyheitsbrev Agenda. Alle saksdokument vert også publisert på denne sida seinast 17. mars. Den 17. mars er også påmeldingsfrist til årsmøtet.  

Velkomen!
Beste helsing
Distriktsstyret
v/Synøve Sande, leiar

Album frå årsmøtet i 2017

Har du spørsmål?  Kontakt distriktskontoret her.

Vi du gjøre en forskjell i ditt nærmiljø? Bli frivillig! Lukk x