Aktivitet for migrantar
Vi jobbar for at busette migrantar opplever inkludering i lokalsamfunnet.
I møte med ein ny kvardag i eit nytt land har migrantar behov for informasjon, nettverk, språktrening og innsikt i den lokale kulturen.
I Røde Kors jobbar vi for å inkludere asylsøkarar, flyktningar og arbeidsinnvandrarar i sine nye lokalmiljø. Fellesskap med "vanlege folk" i lokalmiljøet, gjev ein kjensle av å høyre til, det skaper tryggleik.
Aktivitetar
Tilboda varierer frå kommune til kommune, avhengig av lokale behov. Frivillige i Røde Kors driv både ein til ein-aktivitet og gruppe-aktivitetar. Sjå aktivitetane nedanfor!
Møteplassar
Ein fast stad å møte opp, der du er garantert å kunne slå av ein prat på tvers av kulturar og språk, kjenneteiknar våre internasjonale møteplassar. Her møtest innflyttarar og innfødte til ein matbit, samtaler, spel eller andre sosiale aktivitetar.
I videoen frå Aurland Røde Kors kan du sjå kor viktig tilbodet er for deltakarane.
Til topps
Til topps er eit arrangement der målet er å bli integrert gjennom å oppleve meistring på tur i norsk natur. Les meir om Til Topps her.
Lokale familiedagar
Lokale familiedagar er integreringsarrangement der fleirkulturelle barn og barnefamiliar har det kjekt saman med andre i lokalsamfunna sine. Les meir om det her!
Flyktningguide
Ein flyktningguide er ein vegvisar inn i det norske samfunnet. Det handlar om språk, kultur, lokalsamfunnet og sjølve livet i Norge. Ein frivillig flyktningguide i Røde Kors vert kopla med ein flyktning, og møtest fast for samtaler eller aktivitet. For tida er det Lærdal Røde Kors som har dette tilbodet i Sogn og Fjordane.
Svømmetrening for innvandrarkvinner
Sogndal Røde Kors Omsorg arrangerer svømmegruppe for kvinner 10 gonger i året. Deltakarane er flyktningar/migrantar, der dei fleste ikkje ønskjer å vere i basseng saman med menn. Svømmetrening er med på å førebygge ulykker og gir samtidig aukt sosial kompetanse.
Frivillig i Røde Kors
Kan du tenkje deg å drive inkluderingsarbeid i Røde Kors? Ta kontakt med ditt lokale Røde Kors eller registrere deg nedanfor!
Frivillige i Røde Kors får grundig opplæring, har teieplikt og følgjer Røde Kors sine internasjonale prinsipp og retningslinjer for humanitær innsats.