RØFF er et tilbod til ungdom mellom 13 – 17 år som vil drive friluftsliv og lære førstehjelp og redning.
Deltakarane i RØFF får livsviktig kunnskap om førstehjelp og om ferdsel i naturen, slik at dei kan hjelpe vener og familie dersom uhellet skulle vere ute. RØFF skal bidra til meistring og naturopplevingar, i fellesskap og samarbeid med andre.
Kva som skjer i den lokale RØFF-gruppa er mykje opp til deltakarane då RØFF først og fremst drivast av medlemmane sjølv. Det er sjølvsagt vaksne rettleiarar som hjelp til, men ungdommane kan påvirke og bestemme kva RØFF skal vere i sitt lokalmiljø.
RØFF i ditt lokallag?
Kvart RØFF-lag har sine lokale variantar, det avheng litt av dei lokale mogelegheitene og kva ungdomane ønskjer. Felles for alle er at dei er mykje ute i naturen på forskjellig vis, der dei lærer førstehjelp og å ta vare på kvarandre.
I dag finn du dette tilbodet på Nordfjordeid, i Gulen, Lærdal og i Svelgen. Fleire lokalforeiningar i Sogn og Fjordane jobbar med å starte opp RØFF-aktivitet, så finn gjerne lokalforeininga di nedanfor og ta kontakt med dei for å høyre om status.
Dersom du ynskjer til å vere frivillig i RØFF, kan du kontakte RØFF gjennom ditt nærmaste Røde Kors lokallag eller hjelpekorps. Dersom det ikkje er ei RØFF-gruppe i ditt område, kan du starte ei.
Ta kontakt med di Røde Kors lokalforeining. Lokalforeininga avgjer om det er aktuelt å starte med RØFF-aktivitet.
Alle RØFF-aktivitetar er gruppeaktivitetar som leiast av frivillige rettleiarar.
Ein RØFF-aktivitet skal alltid ha ein hovudrettleiar. Hovudrettleiaren skal ha det overordna ansvaret for aktiviteten og må vere godkjent hjelpekorpsmedlem.
Det må vere minst to frivillige rettleiarar som er over 18 år.
Frivillige i RØFF skal bidra med å legge til rette for at deltakarne får trygge, aktive og opplevelsesrik aktivitetar.
Det er ein fordel med erfaring med friluftsliv eller idrett, som frivillig i Røde Kors, eller noe anna relevant, men det er ikkje noko krav. Vi treng all slags gode hjelparar.
Hør med lokallaget eller hjelpekorpset kva dei har av utstyr. I nokon tilfeller kan de søke om støtte til å kjøpe utstyr og det kan lokalforeninga hjelpe til med.
RØFF er for ungdom mellom 13 og 17 år. I RØFF er det ikkje forventa at ein skal kunne noko på førehand og ein treng ikkje ha utstyret på plass. Ein kan komme som ein er og vere den ein er. Tilbodet er gratis.
Ta kontakt med lokalforeininga di nedanfor og høyr om det er RØFF-tilbod i ditt område eller om det planleggast å starte opp eit RØFF-lag.
Her er liste over dei ulike lokalforeiningane i Sogn og Fjordane.
Veg inn i hjelpekorpset?
Gjennom utfordringar og oppleving av meistring vil ungdommane lære seg å kunne ta vare på seg sjølv og andre i naturen. Dei vil få minnerike opplevingar og få nyttig lærdom som dei kan ha glede av vidare i livet.
I RØFF får ein høve til å teste ut ulike metodar for søk og redning. Og kanskje det gjev meirsmak for å gå vidare til hjelpekorpset.
Vi treng fleire frivillige
Vi treng fleire voksne rettleiarar i RØFF. Vi oppfordrar difor foreldre og andre som kan og vil bidra til å gjere RØFF betre, om å ta kontakt. Det er ein fordel med erfaring med friluftsliv eller idrett, som frivillig i Røde Kors, eller noe anna relevant, men det er ikkje noko krav. Vi treng all slags gode hjelparar.