RØFF i Lærdal testar ut ulike typar friluftsaktivitet, mellom anna kajakk. Vis bildetekst
RØFF i Lærdal testar ut ulike typar friluftsaktivitet, mellom anna kajakk. Foto: Henning A. Hellebust

RØFF – Røde Kors friluftsliv og førstehjelp

RØFF er for ungdom mellom 13 og 17 år. I Sogn og Fjordane er tilbodet tilgjengeleg for ungdom på Nordfjordeid, i Gulen, Lærdal og Svelgen.

Midt i Lærdalsfjorden har det samla seg ei lita klynge med kajakkar. Ein av padlarane reiser seg og stig forsiktig bort på neste kajakk, og neste og neste. Han kryssar fram og tilbake, set seg att og løftar armane over hovudet, som i triumf. Røff-gjengen er ute på tur.

Kveike friluftsgnist

– Målet her i Lærdal, er å vise desse ungdomane veldig mange ulike måtar å drive friluftsliv på. Kajakk er ein strålande måte. Vi har prøvd oss på å sove i hengekøye, lavvo, lage bål, hyttetur, vi har vore på rafting og prøvd ekstremsportvarianten og fiske – til dømes. Dette handlar om å tenne ein gnist og prøve å finne ut kva dei likar av friluftsliv, som dei kan halde fram med, seier Monika Lysne, som er leier Røff i Lærdal Røde Kors.

Ein anna stor del av tilbodet, er førstehjelp. Førstehjelp som er relevant for både friluftsliv og i kvardagen, og som hjelpekorpsa er gode formidlarar av.

–  I dag er me i eit område med mykje orm og kvefs. Difor har me hatt ei runde om kva ein skal gjere om nokon vert bitne av hoggorm, eller om ein som er allergisk mot kvefs vert stukken, seier Lysne.

2021-08-21_14-20-52_røff_lærdal
Eit førstehjelpstema kan vere allergi og bruk av epipenn. Monika Lysne, RØFF Lørdal.

Som ein del av dette driv RØFF også mykje med både søk og redning. For det er jo greitt å vite kva ein skal gjere om ein er på tur og noko går galt eller nokon kjem vekk. Og kanskje det gir ein meirsmak for å gå vidare til hjelpekorpset.

Tek vare på kvarandre

– Vi pleier ofte å legge inn element med redning. I dag «leita» vi etter ein 13-åring som hadde krangla med foreldra og rømt til skogs. Då fekk dei lære sti-søk med flanke, der dei også lærer å sjå etter spor som klesplagg eller andre ting den sakna kan ha mista. Dei er ivrige og engasjerte, dei lærer seg dette med omsorg, som er viktig i Røde Kors, seier Lysne.      

2021-08-21_15-53-02_røff_lærdal
Resultatet av ein leiteaksjon ein laurdags ettermiddag, kan gje bidrag til ei sosial avslutning på dagen.

I Røff er det ikkje forventa at ein skal kunne noko på førehand. Ein treng ikkje ha utstyret på plass. Ein kan komme som ein er og vere den ein er. For Lysne og andre RØFF-leiarar rundt omkring, handlar det om inkludering.

Arena for inkludering

– Dei skal støtte kvarandre og hjelpe kvarandre, passe på at ingen er utanfor, ta vare på kvarandre. Det er ofte stor forskjell i gruppa når vi prøver nye aktivitetar. Nokon hiv seg uti med ein gong, andre er meir tilbakehaldne. Då har alle eit ansvar for å ta vare på dei som kanskje er litt forsiktige,  prøve å få dei med og motivere, seier Lysne.

Ungdom i halvsirkel lyttar til Røde Kors frivillig
Røff syner seg å bli ganske populært dei stadene Røde Kors har aktiviteten.

Kvart Røff-lag har sine lokale variantar, det avheng litt av dei lokale mogelegheitene og kva ungdomane ønskjer. Felles for alle er at dei er mykje ute i naturen på forskjellig vis, der dei lærer førstehjelp og å ta vare på kvarandre.

I dag finn du dette tilbodet på Nordfjordeid, i Gulen, Lærdal og i Svelgen. Fleire lokalforeiningar i Sogn og Fjordane jobbar med å starte opp Røff aktivitet, så finn gjerne lokalforeininga di nedanfor og ta kontakt med dei for å høyre om status.

Røde Kors Lokalforeiningar