Å dra på ferie er «normalen» for svært mange, men inga sjølvfølgje for alle. Røde Kors sitt Ferie for alle-tilbod skal gje familiar som elles ikkje har moglegheit til det, eit ferieopphald saman.
Når det er skulefri arrangerer frivillige i Røde Kors gratis ferie for barnefamiliar i Sogn og Fjordane som har strevd økonomisk i tre år eller meir.
Vil du delta?
Familiar som ynskjer å vere med på Ferie for alle, må kontakte NAV, skulehelsetenesta, barnevernstenesta eller andre offentlege hjelpeinnstansar der dei bur.
Informasjon om Ferie for alle
Vinterferie i Stryn, leiropphald 1: 15.-18. februar
Vinterferie i Stryn, leiropphald 2: 19.-22. februar
Sommarferie på Haugland i Fjaler: 3 leiropphald i juli
Haustferie på Haugland i Fjaler: 1 leiropphald i oktober
*Med atterhald om endringar.
Snakk med tilsette i kommunen der du bur (NAV, helsestasjon, barnevern, skulehelsetenesta osv.) og spør om din familie er i målgruppa og kan få søke plass på Røde Kors sitt ferieopphald.
Ferie for alle er retta mot familiar i Sogn og Fjordane som:
har levd med økonomiske utfordringar i Noreg i 3 år eller meir
har minst eitt barn i alderen 6-13 år
ikkje har tilsvarande ferietilbod
klarer seg utan behov for tett oppfølging frå frivillige Plass til eigen assistent eller tolk kan avtalast
har med vaksne som kan norsk godt nok til at opphaldet vert forsvarleg og trygt
Familiar og privatpersonar kan ikkje søke plass på eigne eller andre sine vegner. Det er tilsette i hjelpeapparatet rundt familiane som sender inn søknad på vegner av familien.
Meir informasjon for deg som skal søke opphald for familiar, finn du her.
Alle våre ferietilbod inkluderer gratis opphald med overnatting, dekka måltid og aktivitetar. I tillegg vert det tilbydd felles transport frå ulike knutepunkt for dei som ikkje kan køyre sjølv.
Frivillige frå Røde Kors bur og deltek saman med familiane på leirstaden. Saman med tilsette frå leirskulane, har dei i oppgåva å fylle veka med aktivitetar i trygge rammer for gjestene, og sørge for at alle har det bra under opphaldet.
Familiane bur i internathus, hytte eller hus saman med andre familiar, og har sitt eige familierom. Når ein er påmeldt og får plass på eit ferieopphald får deltakarane nærare informasjon om buforhold, reise, program og pakkeliste.
Det vert servert frukost, lunsj, middag og kveldsmat kvar dag, og det vert tatt matomsyn som er meldt inn på førehand. Treng ein mat utanom faste måltid må gjestane ta med då det ikkje er butikk i nærleiken.
Eit ferieopphald med Røde Kors skal vere morsomt å delta på og er ein aktiv ferie der store deler av opphaldet skjer utandørs uansett ver og årstid. Det vert lagt opp til aktivitetar for heile familien, med hovudfokus på barn i 6-13 årsalderen. Barna må ha med seg foreldra på aktiviteten for å kunne delta, og det er forventa at heile familien blir med i aktivitetane saman med barna.
Familiane må klare seg utan behov for tett oppfølging frå dei frivillige. Det er alltid foreldra som har ansvar for barna sine under opphaldet, dei frivillige kjem i tillegg til føresette, ikkje i staden for.
Alle Røde Kors aktivitetar er rusfrie, og det er nulltolleranse for rasisme, trugslar. mobbing og vald. Foreldre har sjølv ansvar for barna si sikkerheit og helse under opphaldet. Det inneber at foreldra passar på at barna følgjer ferieleiren sine reglar. Brot på reglar kan føre til utestenging frå aktivitet, erstatningsansvar eller heimreise.
I vinterferien arrangerer vi gratis ferieopphald på Nordfjord fritidssenter for om lag 20 familiar. Røde Kors frivillige og tilsette ved leirskulen organiserer program og sørger for at alle ha det bra under leiropphaldet.
Alle familiar som deltek bur på feriesenteret og kvar familie får eigne soverom, men deler felles bad/toalett, opphaldsrom og kjøkken.
Nordfjord fritidssenter ligg i Stryn kommune 500 moh. omringa av fjell, langrennsløyper og utandørs aktivitetsområde. Senteret ligg om lag 20 minutt køyring nord for Stryn sentrum i retning Blaksæter.
Vinteren 2026 er det tilbod om to vinterferieopphald: 15.-18. februar og 19.-22. februar.
I sommarferien arrangerer vi gratis ferieopphald på Haugland i Fjaler der vi låner campus til United World College Red Cross Nordic når elevane har skulefri. Det vil vere om lag 100 gjester som deltek samtidig på sommarleiren. Alle familiar som deltek bur saman på studenthus med felles opphaldsrom og kjøkken, og får eige familierom med toalett og bad.
Leirstaden ligg vakkert til på Haugland ved Flekkefjorden i Sogn og Fjordane. Det er om lag 1 times køyretid frå Førde om Dale og vidare til Flekke. Her ligg alt til rette for ein aktiv ferie med mykje leik og aktivitet utandørs både på land og til vanns.
Sommaren 2026 er det tilbod om tre sommarferieopphald.
Sommarleiren arrangerast i vakre omgjevnader på Hauglandssenteret i Fjaler.
I haustferien arrangerer vi ferieopphald på Hauglandssenteret i Fjaler på United World College Red Cross Nordic sin campus. Det er om lag 50 gjester som deltek samtidig på haustleiren. Her bur familiane i to internatbygg i eigne familierom, dei fleste med eige bad.
Leirstaden ligg vakkert til på Haugland ved Flekkefjorden i Sogn og Fjordane. Det er om lag 1 times køyretid frå Førde om Dale og vidare til Flekke. Her ligg alt til rette for ein aktiv ferie med mykje leik og aktivitet utandørs både på land og til vanns.
Haustferieleiren byr på mange kjekke aktivitetar for store og små.
Som frivillig kan du vere med å gje barn og familiar som treng det gode ferieopplevingar. Les meir om å vere med som frivillig på ferieleir her!
Sjå film om Ferie for alle!
Filmen er frå ein av våre sommarferieleirar på Haugland i Fjaler.
Spørsmål? Kontakt våre medarbeidarar på distriktskontoret!
For spørsmål om Ferie for alle og inntak, ta kontakt med Siv.
Siv Merethe Hatlem
Tilretteleggar oppvekst. Ferie for alle, Barnas Røde Kors, Røde Kors Ungdom og distriktsråd ung.
Gjer ein skilnad for barn. Når det er skulefri arrangerer frivillige i Røde Kors gratis ferie for barnefamiliar i Sogn og Fjordane som ikkje har råd til å reise på eiga hand.