Vi veit at gjennom nærvær kan nattevandrarar bidra til å skape eit tryggare gatebilde, men også gi ungdommen eit betre utemiljø å ferdast i.
Meininga med nattevandring er at det skal vere edru menneske til stades i gatebildet, kveld og nattetid. Vi skal vere gode forbilde, og vi skal skape tryggleik i sentrum ved å vere synlege. At vi er til stades, har ein dempande effekt på ungdommen. Vi får tilbakemeldingar frå ungdommen sjølv, dei er glade for at vi er til stades. Vi får også mange gode tilbakemeldingar fra både politi og handelsstanden om at vi gjer ein viktig jobb. Det blir mindre hærverk i sentrum og færre valdelege episodar.
Vil du bli frivillig?
For meir informasjon, ta kontakt med:
Lokalforeiningsleiar Berge Bjørkedal
E-post: bergeb@online.no
Nattevandring: Meir informasjon