Ferieleirane

Alle skal få mogelegheit til å ta nokre dagar fri og ha det kjekt saman med andre.

Ferietilboda for 2018 er ferdige, men i 2019 vert det nye mogelegheiter. Då skipar Sogn og Fjordane Røde Kors til opphald for familiar som slit økonomisk over tid, og for barn og unge med  særlege behov. Fordi alle skal kunne få oppleve feriekjensla. Først ut kjem eit tilbod i vinterferien. Søknadskjema vert lagt ut 15. november. Les meir om tilboda nedanfor.

Tilboda våre:

Vinterferie for alle 20.-23. februar 2019

Ferie for alle, veke 27 og 28

Barne- og ungdomsleir, sommar

Påmelding/søknadsskjema

Frivillig ferievert

 

2018-06 ffa_frivillige
Frivillige på Ferie for alle på Haugland.

Det skjer alt mogeleg kjekt på leir. Dei frivillige ferievertane legg til rette. Om sommaren kan det vere bading, spel, pil og boge, hest og vogn, såpesklie, tubekøyring, fisking, perling, male t-skjorte, utflukt eller vaffelsteiking. Eller berre slappe av på brygga. Om vinteren er det tilbod både skileik, aking, grilling og moro i snøen.

Les reportasje frå Ferie for alle

ffa_haugland_flyfoto_600
Haugland sett frå lufta.
nordfjord fritidssenter
Lysløypa ved Nordfjord fritidssenter

Sommartilboda våre er på Haugland i Fjaler. Der ligg Røde Kors Nordisk United World College (UWC) og Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter. Om vinteren pleier vi å vere på Nordfjord fritidssenter i Stryn kommune.

vinterferie for alle_2018_frivillige_IMG_1229
Mahmoud, Magnus og Ana, frivillige på Vinterferie for alle.