Flora Røde Kors
Vil du å engasjere deg lokalt? Flora Røde Kors tilbyr ei rekke aktivitetar i nærmiljøet. Ta kontakt om du ønskjer ei aktiv fritid, og samstundes vere til stades for dei som treng støtte og hjelp.
Vårt mandat
I Flora Røde Kors arbeider vi med sikte på å forebygge og respondere for å redde liv, trygge lokalsamfunn for barn og unge, og gje tilbod om sosial kontakt og støtte til dei som treng det. Vil du vite meir om kva det inneber i praksis? Les om dei ulike aktivitetane våre i menyen under, eller besøk Flora Røde Kors si Facebook-side.
Frivilligheit har ikkje berre ein positiv effekt på samfunnet. Menneske som arbeider frivillig, er beviseleg lykkelegare enn andre. Som frivillig kan du engasjere deg aktivt og føle på gleda ved å hjelpe andre.
Alternativt kan du bli medlem, og på den måten mogleggjere vårt arbeid gjennom di støtte. Det gjer godt, det òg. Eit ordinært medlemskap kostar 300 kroner pr. år, eller 150 kroner for deg under 26 år.