Florø Røde Kors Vis bildetekst
Florø Røde Kors Hjelpekorps gjør seg klar til barnas dag på Furuholmen

Florø Røde Kors

Vil du å engasjere deg lokalt? Florø Røde Kors tilbyr ei rekke aktivitetar i nærmiljøet. Ta kontakt om du ønskjer ei aktiv fritid, og samstundes vere til stades for dei som treng støtte og hjelp.

Adresse
Nonskarvn. 1, 6905 FLORØ
Telefon
-
E-post
flora@rodekors.org
Bjargar2
Florø Røde Kors Hjelpekorps øver på sjøredning. Foto: Henning Hellebust.

Vårt mandat

I Florø Røde Kors arbeider vi med sikte på å forebygge og respondere for å redde liv, trygge lokalsamfunn for barn og unge, og gje tilbod om sosial kontakt og støtte til dei som treng det. Vil du vite meir om kva det inneber i praksis? Les om dei ulike aktivitetane våre i menyen under, eller besøk Florø Røde Kors si Facebook-side.

Frivilligheit har ikkje berre ein positiv effekt på samfunnet. Menneske som arbeider frivillig, er beviseleg lykkelegare enn andre. Som frivillig kan du engasjere deg aktivt og føle på gleda ved å hjelpe andre.

Møteplass kvinner2 (3)
"Sosial møteplass for kvinner på dagtid". Foto: Torun Lucassen.

Alternativt kan du bli medlem, og på den måten mogleggjere vårt arbeid gjennom di støtte. Det gjer godt, det òg. Eit ordinært medlemskap kostar 300 kroner pr. år, eller 150 kroner for deg under 26 år.

Om Florø Røde Kors

Florø Røde Kors sine aktivitetar: